top of page

Gro Vetås



-BulE's flinke og blide daglege leiar.





Det er måndag morgon den 7. april 2025 og tåka held på å fordampa over Bergen by.

Sola snik seg inn over hustaka og vi svingar innom kontoret til Bergen ungdomslag Ervingen (BulE). Gro er allereie godt i gang med dagens gjeremål og må berre skriva ferdig setninga ho er midt i, før ho svingar stolen rundt og er klar for spørsmåla våre med eit smil om munnen. For sånn er Gro, ho har som oftast tid til ein prat når nokon stikk hovudet innom kontoret hennar i Kong Oskars gate 15, og ho er alltid blid.

Ein kjenner seg velkommen. Og det er akkurat det som trengst av ein dagleg leiar for ein stor organisasjon med fleire ulike særlag, interessefelt og medlemmer i alle aldrar med unike behov. Kanskje det er difor Gro har sete her i 24 år, nettopp fordi ho er den ho er og fordi ho brenn for barne og ungdomsaktivitetar.


Gro si historie startar på Radøy der ho allereie som seksåring starta å dansa i det lokale laget på øya. Ho trivst godt og igjennom laget vart ho kjend med andre som høyrde til Ervingen inne i Bergen. Då ho seinare flytta til byen for å ta lærarutdanning var det naturleg å halda fram lagsarbeidet her. Ho vart tillitsvald og hjelpte til på kontoret. Då dagen kom for at dagleg leiar den gongen skulle gi seg, vart Gro spurt om ho kunne tenkja seg å overta. Dette takka ho straks ja til, og sidan har det vore henne som har vore anker punktet i BulE.


Når vi spør kva som er det mest givande med jobben svarer Gro: "Eg synest det er givande å kunna bidra til at barn og unge har eit godt tilbod på fritidsaktivitetar. Og så synest eg det er spennande at eg treffer så mange ulike menneske undervegs. Folk eg aldri hadde treft om eg ikkje hadde denne jobben."


"Og det mest utfordrande?", held vi fram med. Gro tenkjer seg om ein augneblink. "Det må vera at det av og til kan vera vanskeleg å skilja mellom jobb og fritid. Eg er sjølv mor til to barn som er med på fleire av aktivitetane vi tilbyr, og same kvar eg dukkar opp så er det naturleg nok nokon som lurer på ting som eigentleg er jobbrelatert. Eg sit jo på svara så sjølv om eg prøver å halda slike spørsmål til kontortid så er det ofte enklare å svara der og då enn å be folk senda meg ein e-post som eg skal svara på seinare."

Gro har stor forståing for at det vert sånn og har akseptert at det er ein del av jobben.


"Kva slags aktivitetar tilbyr BulE i dag og har dette endra seg mykje frå tidlegare?"

"Vi har folkedansgrupper i alle aldrar, folkemusikk, song, ungdomsklubb og ei hytte som me leiger ut til arrangement og feiringar. Ein kan også vera ein del av laget som tek vare på hytta om ein er meir handy enn flink på dansegolvet. Tidlegare hadde vi og ei teatergruppe, men per i dag ligg ho og ventar på ei ny eldsjel. Tidvis vert det starta opp nye grupper/tilbod og vi har hatt handarbeidsgrupper, kvedargruppe for barn og liknande. «Vi er prisgitt at nokon startar opp og held liv i dei ulike tilboda så det varierer noko over tid."


Vi spør om kva slags tilbakemeldingar ungdommane gir etter å ha vore med på aktivitetar gjennom BulE og inntrykket til Gro er at dei fleste er godt nøgde. "Det som er så greitt med fritidsaktivitetar er at dersom nokon trivst så vert dei verande, men om nokon går lei så berre sluttar dei og testar ut ein annan aktivitet i staden. Sånn sett vil alle som går her fast vera nøg med tilbodet vi gir."


Gro svarer ganske kontant når eg spør om det er nokre prosjekt dei er ekstra nøgde med å ha fått sett i gang. "Ungomsklubben Floke! Det er ein relativt ny ungdomsklubb for barn og unge frå 5. til 10. skuletrinn. Og sjølv om han ikkje har eksistert lenge ser vi allereie stor vekst frå gong til gong. Her kan ungdommane komma å henga saman, spela spel, dansa og finne på ting sjølv. Klubben er open ein fredag i månaden utanom feriar og heilagdagar. Nøyaktige datoar kan ein finna ved å (kvar kan dei finna info?)


BulE har aktivitetsbase i Huset Gimle som vert drive av Ervingen Kulturhus AS. Huset var kjøpt i 1915 for å driva Lagsaktiviteter og har halde det gåande sidan den gongen. Gro fortel at dei er heldige som har ein fast tilhaldsstad over tid. Ein sentral plass i Kong Oscarsgate 18 som passar perfekt til deira bruk. Her finn ein tre store møterom, fullt utstyrt kjøkken og ein staseleg storsal. "Veldig mange av medlemmene våre har nærast vakse opp med aktivitetar i dette huset og vi har ein eigarskap til plassen som gir godt samhald på tvers av dei ulike aktivitetane og på tvers av alder." Storsalen blir også nytta til juletrefestar, årsmøte og 17.mai kafé, forresten ein plass der både "gamle travarar" og nye medlemmer kan treffast og bli kjent. Alle kan leiga rom i Ervingen kulturhus, men ingen bruker huset så mykje som BulE gjer i løpet av eit år.

"Har du ein augneblink eller ei historie frå tida di i BulE som har gjort spesielt inntrykk?"(Svar når du kjem på noko)


På spørsmål om kva Gro håpar at ungdommane tek med seg vidare i livet frå tida i organisasjonen, svarer ho med erfaring frå si eiga tid som barn og ungdom i danselag og med eit ønske om at andre har lært litt av grunntanken dei ønskjer å formidla gjennom laga. "Håpar dei tek med seg tryggleiken og samhaldet. Kjensla av å bety noko. Her skal alle kunna passa inn, same korleis dei har det heime eller på skulen. Her skal dei kunna komma som dei er og bli godtekne uansett. Håpet vårt er og at dei lærer litt om organisasjonsarbeid og at ein kan få til det ein ha lyst til å setja i gang. Vi kryssar fingrane for at nokre av dei vil ønskja å driva dette vidare inn i framtida.


Og når det gjeld framtida så ser ho førebels lys ut. Folkemusikk og folkedans er på ein oppovergåande trend. Koret har ventelister og medlemstala aukar. "Dette gler oss sjølvsagt veldig", Sier Gro med eit smil om munnen. "Vi er også opne for fleire eldsjeler som ønskjer å setja i gang noko. Det vera seg ei ny teatergruppe eller noko heilt anna". Det organisasjonen alltid treng er engasjerte menneske som vil bidra og vera ein del av eit flott fellesskap. Utan frivillige er det vanskeleg å driva organisasjonsarbeid same kva det gjeld.


Vi avsluttar med eit siste spørsmål om kva Gro, med all si kunnskap og erfaring med barn og ungdom ville sagt om ho kunne velja ein beskjed til alle ungdommar i Bergen. Svaret kjem ganske fort. "Ver deg sjølv, stol på deg sjølv og gå etter det DU har lyst til". Det syns vi er fint å ha i bakhovudet når me pakkar saman fordi nestemann vil ha ein liten bit av Gro.


Dersom du vil sjekka ut tilbodet til BulE kan du besøk nettsida deira på www.bergen.ungdomslag.no

 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Comments


  • Facebook
  • Instagram
bottom of page