Prisar
Møterom 2. - 3. og 4. høgda kr. 350,- pr time*) Halv dag kr. 1400,- Heil dag kr. 2800,-
Festsal Vekedag/dagtid kr. 600,- pr time *) Vekedag kveld og helg kr. 800,- pr time
Vekedag halv dag kr. 3.000,- Vekedag kveld og helg - halv dag kr. 4.000,-
Vekedag heil dag kr. 6.000,- Helg - heil dag kr. 8.000,-
*) Minimum 2 timar leige
Kjøkken Leigepris for kjøkken er kr. 1.500,- pr dag om ein ønskjer å leige det separat eller saman med Festsalen
Rigging Om vi skal rigga opp og ned stolar og bord / ferdig oppsett for leigetakar, kostar det
kr. 375,- ekstra per gong.
Pakkepris Festsal (dåp, konfirmasjon, bryllaup, anna feiring)
Festsal og kjøkken disponibelt for matlaging og pynting dagen før (kl. 17/18 -2200) kr. 1.500,-
Festsal og kjøkken heil dag - dag for feiring (08-0200) kr. 9.500,-
Sum kr. 11.000,-
Prisen inkluderer portabel prosjektør, lerret, Wifi, lokale, kjøkken, sluttreinhald
Kunden må sjølv rydda, tørr moppe og samle saman alt av søppel
Pakkepris minnestund
Festsal og kjøkken på dagtid kl. 0800 - 1600 (klargjøring samt minnestund) kr. 6.000,-
Ta kontakt for eit godt tilbod på fast leige eller leige over lengre tid
E-post : gimle@ervingen.no
Leigevilkår - Praktisk info - Reglement
Generelle leigevilkår for Ervingen Kulturhus AS
(Sjå siste side også for praktisk info og ting som må gjerast)
- Lokala kan leigast ut til konsertar/teater og andre kulturelle forestellingar, øvingar og trening, konferansar og messer, møteverksemd og private samlingar/selskap
- Førespurnad om leige skjer gjennom kulturhusets administrasjon. Den som står som leigetakar er ansvarleg for å gjere seg kjent med reglement og rømmingsvegar (sjå eigen instruks). Leigetakar har og ansvar for rydding, at alle lys er sløkte og at alle dørar og vindauge er lukka og låst.
- Lokala og inventar skal behandlast med forsiktigheit
og skal forlatast i den tilstand det var ved overtaking. Golv skal
tørrmoppast/feiast, stolar og bord skal setjast tilbake der ein fant dei (i stativ om dei var stabla i stativ) og søppel skal samlast i sekk/pose på/ved kjøkkenet. Ved
bruk av kjøkken, kokeplater, kaffitraktar og anna kjøkkenutstyr, skal dette
vaskast opp og settast attende i den tilstand det var ved overtaking. Kjøkken
skal og tørrmoppast og søppel samlast i sekk/pose.
Det er ikkje lov å nytta frityr på kjøkken, då verken avlaup eller avtrekk er berekna for dette. - Eventuelle skadar eller manglar som vert oppdaga ved innkomst eller som skjer i løpet av bruken, skal varslast til kulturhusets administrasjon med det same. Leigar er økonomisk ansvarleg for skadar på bygg eller inventar/utstyr som skuldast uansvarleg behandling. Tapt nøkkelbrikke vert belasta leigetakar med kr. 200,-
- Lokale som er tildelt, skal kun nyttast i det tidsrom og til det føremål som er søkt om ved utleige. Det er ikkje anledning til å ta i bruk andre lokale/utstyr enn det som inngår i avtalen. Alle dører og vindauge skal vera lukka ved arrangement med høgt lydnivå. Dette for å hindra unødige støyplagar for naboar. Arrangørar av konsertar og liknande arrangement pliktar å gjere seg kjend med og overhalda gjeldande støyforskrifter
- Leigetakar er ansvarleg for at det ikkje er fleire menneske i lokalet enn tillate i samsvar med gjeldande forskrifter
- Alle arrangement skal vera avslutta kl. 0200 - Då skal det og vera rydda og lokala tømt
Bruk av pyroteknikk, røykmaskin, anna røyk, open flamme, kakefyrverkeri, konfetti, glitterpynt og liknande er ikkje tillate
- Ordinært reinhald er inkludert i leigeprisen. Ekstraordinært reinhald av lokala grunna ekstra tilgrising, vert fakturert leigetakar ut i frå medgått tid.
- Nøkkelbrikke : Nøkkelbrikke vert delt ut til leigetakar i forkant av arrangementet. Denne kan hentast i opningstida (09-1500) etter avtale og skal leverast attende til administrasjonen ved arrangementets slutt etter avtale eller seinast 1-3 dagar etter dette. Ein kan nytte postkasse i 1. høgda for å levere nøkkel attende ved arrangementets slutt. I samband med utdeling av nøkkelbrikke, vil vi og vise leigetakar lokala og gå igjennom detaljar med huset slik at de kjenner til det som er naudsynt innan utleige startar. Faste leigetakarar vil få utdelt nøkkelbrikke permanent så lenge leigeforholdet er aktivt
Alle tilskipingar skal vere alkoholfrie (unnatak for bryllaup) - Røyking er forbode i hele bygget
BRANNINSTRUKS
Ansvarleg person = Den som er oppført som leigetakar eller person som denne utpeiker
Den ansvarlege skal før og under arrangementet :
- Sørge for at det ikkje vert sett bord og stolar føre dørar eller nødutgangar
- Sørge for at det ikkje er fleire personar i lokalet enn det som er tillate
- Sørge for at det ikkje vert gjort endringar på branntekniske og andre
installasjonar
- Gjere seg kjent med generell branninstruks og rømmingsplan for bygget og
orientera seg om rømmingsveier og sløkkeutstyr (sjå oppslag i
bygget/alle rom)
KANSELLERING
Alle kanselleringar må skje skriftleg.
Frist for kansellering utan kostnad for leigetakar er sett til 14 dagar.Kansellering gjort seinare enn 14 dagar før leigetidspunkt, vert belasta med 50% av leigebeløpet og fakturert leigetakarKansellering som skjer seinare enn 48 timar før leietidspunkt vert belasta i si heilheit - 100% og fakturert leigetakar
ANNA PRAKTISK INFO
Nattlås : På inngangsdør er det i tillegg til panel på venstre side av døren, ein lås som nøkkelbrikken må brukast på. Dette vil bli vist ved synfaring før utleigen startar, men det kan vera greitt å minna om at seine kveldar og tidleg morgon, kan ein måtte bruke nøkkelbrikka både på panelet og på lås på dør som og må vridast rundt som ein vanleg lås.
Ein slik lås finst og på nokre av innerdørane og ein må der og først få grønt lys og så vri om som ein vanleg lås.
Bord og stolar : Bord i festsalen finn ein bak i salen. Stolane står bak i lokale og ved siden av scena. Stolar og bord skal
ryddast tilbake der ein fant dei. Stolane skal stablast tilbake på stativet som
går på hjul. Bord skal klappast
saman og setjast i stativa igjen. Dette sparar administrasjonen for mykje ekstraarbeid etter kvart arrangement.
Bord til 2 etasje står ved tekjøkken i rom 2.høgda.
Om de har avtale om opp og nedrigging av bord og stolar (ekstra kostnad) så ordnar vi dette.
Størrelse på bord : 120 cm x 75 cm. Ein reknar 2 personar på kvart bord/4 om ein sit på kvar side.
Fjernkontroll for rullegardiner i Festsalen : Denne
finn de på veggen ved sida av dei store vindauga.
Lerret scenen : Oppe på scenen finn de ein brytar («lysbrytar») på høgre
side av scena/bak sceneteppe
Lysekronar/lampettar/lys i Festsalen : Alt lys finn de i rom ved siden
av scena - Sett på hovudbrytar og styr så lysa slik de ønskjer etter det
Det er to inngangar/utgonger til kjøkken frå Festsalen
Portabel prosjektor - Dette kan lånast ved behov og etter avtale
Peis kan ikkje fyrast i - Ein kan nytta stearinlys i peis
Kontaktinfo : Vakt
som kan kontaktast ved dykkar leige av lokala
Tlf . 94 37 87 27