Leigevilkår
Generelle leigevilkår for Ervingen Kulturhus AS



Lokala kan leigast ut til konsertar/teater og andre kulturelle forestellingar, øvingar og trening, konferansar og messer, møteverksemd og private samlingar/selskap

Avtaleinngåelse og kansellering

  • Bestilling skal skje skriftleg, via kontaktskjema på heimeside eller på epost til gimle@ervingen.no. Bestilling kan ikkje skje på telefon eller via SMS. 
  • Gimle er eit eit alkoholfritt kulturhus med bryllaup som einaste godkjente unntak. Leigetakar som skal ha bryllaup med alkoholservering pliktar sjølv må søkje Bergen kommune om ambulerande skjenkeløyve (føl lenke her), og framlegge kopi av løyvet til Ervingen Kulturhus AS. Dette kan sendast på e-post.
  • Alle kanselleringar må skje skriftleg. Frist for kansellering utan kostnad for leigetakar er sett til 14 dagar.
  • Ved kansellering gjort seinare enn 14 dagar før leigetidspunkt, vert leigetakar fakturert 50% av leigebeløpet.
  • Ved kansellering seinare enn 48 timar før leigetidspunkt vert leigetakar fakturert full pris. 
  • Leigetakar vert fakturert den tida som er bestilt. Det gjev ikkje prisreduksjon viss faktisk bruk viser seg mindre, eller viss leigetakar ikkje møter og tek lokala i bruk.
  • Leigetakar er ansvarleg for å i god tid før avtale tid innan ordinær kontortid til å hente ut nøkkelbrikke, i forkant av arrangementet.
  • Leigetakar er ansvarleg for å levere attende nøkkelbrikka med mindre det er inngått fast leigeavtale. Tapt nøkkelbrikke vert belasta leigetakar med kr. 200. Nøkkelbrikke skal, om ikkje anna er avtala, innleverast i postkasse ved hovuddør etter arrangementet. 
  • Ordinært reinhald er inkludert i leigeprisen. Ekstraordinært reinhald av lokala vert fakturert leigetakar. 
Leigetakar sine generelle plikter 
  • Den som står som leigetakar er ansvarleg for å gjere seg kjent med reglement og rømmingsvegar etter eigen instruks. Leigetakar har ansvar for rydding, at alle lys er sløkte og at alle dørar og vindauge er lukka og låst.
  • Eventuelle skadar eller manglar som vert oppdaga ved overtaking eller som skjer i løpet av bruken, skal omgåande varslast til utleigar. Leigar er økonomisk ansvarleg for skadar på bygg eller inventar/utstyr som skuldast uansvarleg behandling. 
  • Leigetakar er ansvarleg for all bruk av deira utleverte brikke og må straks melde frå om brikka er komen på avvegar. 
  • Lokala og inventar skal behandlast med varsemd og skal forlatast i rett stand. Leigetakar pliktar melde skriftleg til utleigar om ein ikkje overtok lokale og inventar i rett stand. 
  • Lokale som er tildelt, skal berre nyttast i det tidsrom og til det formål som er søkt om ved utleige. Det er ikkje anledning til å ta i bruk andre lokale/anna utstyr enn det som er avtala. 
  • Gimle er eit alkoholfritt hus med alkoholfrie arrangement og leigetakar er ansvarleg for at dette vert overhalde. 
  • Røyking er forbode i heile bygget! Snus skal kastast i bosspann.
  • Alle dører og vindauge, også innvendige dører mot trappegongar, skal vera lukka ved arrangement med høgt lydnivå for å hindra unødige støyplagar for naboar. Arrangørar av konsertar og liknande arrangement plikter å gjere seg kjend med og overhalda gjeldande støyforskrifter
  • Golv skal tørrmoppast/feiast, stolar og bord skal setjast i stativ. Søppel skal samlast i sekk/pose på kjøkkenet. Søppel som overstig 2 fulle bossekker må takast med ut av huset når arrangementet er ferdig.
  • For bryllaup med alkoholservering må alt av tomflasker/boksar/tomgods takast med ut av huset når arrangementet er ferdig.
  • Ordinært reinhald utover tørrmopping, feiing og reingjering av kjøkkenet er inkludert i leigeprisen. Ekstraordinært reinhald av lokala vert fakturert leigetakar. 

Brann og brannvern

  • Leigetakar pliktar setje seg inn i branninstruks for Gimle kulturhus. Leigetakar skal utpeike brannansvarleg for arrangementet. 
  • Den brannansvarlege skal før arrangementet gjere seg kjent med generell branninstruks og rømningsplan for bygget, og orientere seg om rømningsvegar og sløkkeutstyr.
  • Den brannansvarlege skal under arrangementet: 
    - Sørge for at det ikkje vert sett bord og stolar føre dørar eller nødutgangar
    - Sørge for at det ikkje er fleire personar i lokalet enn det er tillate
    - Sørge for at det ikkje vert gjort endringar på branntekniske og andre installasjonar

  • Ved evakuering skal alle møte ved minnesmerke framfor Korskirken. Det må gjerast ei oppteljing og ein må sikre at alle er komen ut av bygget.
  • Bruk av pyroteknikk, røykmaskin, anna røyk, open flamme, kakefyrverkeri, konfetti, glitterpynt og liknande er ikkje tillate. Ein kan nytta stearinlys/telys med tilsyn, plassert i sikre haldarar og med brannsikkert underlag
  • Peis kan ikkje fyrast i. Det kan tennast telys/stearinlys/kubbelys i peisen.

Kjøkken

  • Det er IKKJE tillate å bruka frityr på kjøkken eller i lokala elles.
  • Kjøkkenet er eit serveringskjøkken (anretningskjøkken) og er ikkje eit produksjonskjøkken. Korkje avløp eller ventilasjon er dimensjonert for at ein kan lage mat frå grunnen av. Ein kan lage enkle ting som graut, supper, sausar, smørbrød og liknande. Annan mat må medbringast eller leverast frå cateringselskap. 
  • Ved bruk av kjøkken, kokeplater, kaffitraktar og anna kjøkkenutstyr, skal dette vaskast opp og setjastattende i den tilstand det var ved overtaking.Kjøkkenbenkar skal vaskast over. Kjøkkengolv skal tørrmoppast og søppel samlast i sekk/pose.
  • Alt oppvask skal takast og setjast på plass. Rein oppvask kan stå att i bakker i stativ til tørk.
    Det kan ikkje klagast som ein mangel frå førre brukar om rein oppvask står i bakker i stativ.


PRAKTISK INFO

Nattlås : På inngangsdør er det i tillegg til panel på venstre side av døren, ein lås som nøkkelbrikken må brukast på. Dette vil bli vist ved synfaring før utleigen startar, men det kan vera greitt å minna om at seine kvelder og tidlig morgon, kan ein måtte bruke nøkkelbrikka både på panelet og på lås på dør som og må vridast rundt som ein vanleg lås.

Ein slik lås finst og på nokre av innerdørane og ein må der og først få grønt lys og så vri om som ein vanleg lås.

LÅST YTTERDØR Ytterdør MÅ vere låst og lukka til ei kvar tid. Arrangør må ha vakt i døra om det skal sleppast inn brukarar/deltakarar etter kvart. Heng evt opp ein lapp i døra med telefonnummer til nokon som kan sleppe dei inn. Dette av de vi heile tida vert oppsøkt av klientell frå gata som vil inn på huset. Og dei er ivrig etter å finne opne dørar alle dagar og til alle døgnets tider. Så dette må vi vere veldig streng med, då det ikkje berre gjeld verdiar og sikkerheit for huset men og for brukarar av huset.

Bakdør Festsal Det er ein inngang/utgang frå Festsalen ut mot anna trappehus - utgang Øvre Korskirkeallmenningen. Denne døra går ikkje i lås om ein går ut denne. Den må låsast på utsida. Om ein nyttar denne døra som inngangsdør, vil den heller ikkje gå i lås bak ein. Den MÅ låsast frå utsida. Denne fungerer slik på grunn av at det er ein naudutgang. Det same gjeld låsen inn til Festsalen (ordinær inngang) Den går heller ikkje i lås om ein ikkje låser den frå utsida.

Bord og stolar : Bord i festsalen finn ein bak i lokale. Stolane står i rom ved sida av scene og bak i salen. Stolar og bord skal ryddast tilbake der ein fant dei. Stolane skal stablast tilbake på stativet som går på hjul) Bord skal slås saman og setjast attende på vogn. Bord til 2 etasje står ved tekjøkken.

Størrelse på bord : 120 cm x 75 cm. Ein reknar 2 personar på kvart bord/4 om ein sit på kvar side.

Fjernkontroll for rullegardiner i Festsalen : Denne finn de på veggen ved sida av dei store vindauga.
Lerret scenen : Oppe på scenen finn de ein brytar («lysbrytar») på høgre side av scena/bak sceneteppe
Lysekronar/lampettar/lys i Festsalen : Alt lys finn de i rom ved sidan av scena. Slå på hovudbrytar og styr lysa etter den er sett på.

Det er to inngangar/utgangar til kjøkken frå Festsalen

Temperaturstyring Festsal : Temperatur skal stå på 16-20 gradar. Om det vert skrudd opp til høgare temperatur, må ein hugsa å skru ned att denne når ein er ferdig med lokala.

Ventilasjon Festsal : Det er eigen ventilasjon for Festsalen. Styringa for denne finn de på bakvegg på venstre side av scena. Om det er bruk for denne må ein og huske å slå den av igjen etter bruk. Den bråkar/susar litt, så dei fleste vil ikkje ha den ståande på ved til dømes akustiske arrangement

Kontaktinfo : Vakt som kan kontaktast ved dykkar leige av lokala
Tlf 943 78 727

Ervingen Kulturhus AS - Gimle (bygg)
Kong Oscars gate 18 - 5017 Bergen

Tlf. 943 78 727 E-post : gimle@ervingen.no