top of page
festsal2_edited.jpg
Festsal
Nærbilde av gifteringer

Bryllup på Ervingen Kulturhus

Gratulerer!

Dykk skal gifte dykk og ser no etter eit passande lokale for feiringa. Ervingen Kulturhus tilbyr historiske omgjevnader midt i Bergen sentrum. Her finn du det du treng å vite for å halde bryllup hos oss

Hvit satengtekstur

Festsalen 

Festsalen ligg flott til i 3. høgda. I same etasje finn du òg storkjøkkenet vårt, samt eit møterom. Dei fleste som held bryllaupet sitt hjå oss leiger heile etasjen.

Tilhøyrande lokalet finnst det eit stort anretningskjøken, eit møterom og toaletter.
(les meir om leige av rom under.)

 

Vi har plass til ca. 100 gjestar til bords, men vi anbefaler å sjå lokala i forhold til bordplassering.

Dersom du ønskjer å leige hjå oss, ber vi deg om å setje deg godt inn i alt som står på denne sida før du bookar ei befaring. Eventuelle spørsmål utanom det som vert informert om her kan du gjerne ta med på befaringsdagen. Vi tilrår å notere og ta bilete når de besøker oss.
 

festsal1_edited.jpg
festsal2_edited.jpg
Abstrakte blå former

De fleste som holder bryllupsfesten hos oss velger "Festpakken" som gir tilgang til bruk av hele 3.etasje fra fredag kl 16.00 - 00.00
Lørdag fra kl 08.00 - 02.00
og søndag fra kl 08.00 - 12.00 
Pris: kr 22000,. 

(Se alle priser og pakker HER)

Etasjen inneheld som nemnt festsal, eit ekstra møterom som kan disponerast som ein sjølv ønskjer og eit storkjøkken. Det er ikkje mogleg å lage bryllupsmiddagen på kjøkkenet, men enkelte ting kan varmast opp og elles kan ein oppbevare mat, drikke og kaker her.

Toalett som høyrer til salen, finst ei lita trapp opp i bakkant av lokalet, eller ein etasje opp med heisen.
Det finst også toalett ein etasje ned, der eitt av dei er eit handicaptoalett/stellerom med dusj. Supert for rullestol, gåstol eller store brudekjolar.

 

I festsalen finn ein bord og stolar til 100 personar pluss ein barnestol, eit enkelt lydanlegg der ein kan spele musikk frå mobilen eller pc/nettbrett. Fast på anlegget høyrer det til ein mikrofon. Vi har òg ein ekstern miksar dersom ein treng fleire mikrofonar eller ønskjer å kople til eit enkelt instrument. Dersom ein skal ha eige band/dj, tilrår vi at de har med eige musikkutstyr. Merk at vi har reglar for støy,
så her må det avtalast på førehand og alle
støyreglar må følgjast. 

 

I salen har vi eit stort motorisert lerret på scena og projektor. Dette følgjer med i leigeprisen.

Det står òg eit flygel i salen som kan nyttast til framføring på festdagen.

 

Kjøkkenet har det de treng for å dekke til 100 personar. 
-Champagneglas
-Kvitvinsglas
-Raudvinsglas
-Vasglas
-Tallerkener
-Suppe-/middagsskåler
-Bestikk
-Vassmugger
-Kaffikoppar
-Tefat
-Asjettar/dessertfat

 

Man finn også nokre kakespadar,
blomstervasar, telyshaldarar
(Merk at det berre er tillate med LED-lys)
Chips-/snacksskåler, snitteklyper, auser, pølseklyper, panner i mange storleikar.

 

Industrivaskemaskin gjer oppvasken kjapp og enkel. Alt skal vaskast opp og setjast tilbake i skap/skuffer.

Kaffimaskin som traktar 5 liter kaffi om gongen. Det går ein pose kaffi (250 gram) på 5 liter. Vi har filter, men kaffien tek du med sjølv. 
 

Vi har eit vanleg stort kjøleskap på kjøkkenet samt eit mindre på møterommet i same etasje. Ein liten fryseboks som passar best til ei kake og isbitar eller noko anna mindre som må stå fryst. 

Klutar og kjøkkenhandklede får de utdelt fredagen.

Vi har ikkje borddukar eller stoltrekk. Dette ordnar de med sjølve.
Catering/kokk bestiller de sjølv. Vi har ingen avtalar med cateringfirma.

 

Dersom du ønskjer å koma og sjå lokalet, ikkje nøl med å ta kontakt. Ei vising er ikkje bindande.
 

All booking skal skje skriftleg på e-post: gimle@ervingen.no
 

Merk at ved booking av bryllupshelg ligg det føre eit depositum på 30 % av leigesummen som må vere
betalt før vi set av datoen.

Avbestilling inntil 180 dagar før bryllaupet blir refundert i sin heilskap. Etter dette tilfell depositumet Ervingen Kulturhus.

    PRAKTISK INFO
 

  • LÅST YTTERDØR: Ytterdør MÅ vere låst og lukka til ei kvar tid. Arrangør må ha vakt i døra om det skal sleppast inn brukarar/deltakarar etter kvart. Heng eventuelt opp ein lapp i døra med telefonnummer til nokon som kan sleppe dei inn. Dette av de vi heile tida vert oppsøkt av klientell frå gata som vil inn på huset. Og dei er ivrig etter å finne opne dørar alle dagar og til alle døgnets tider. Så dette må vi vere veldig streng med, då det ikkje berre gjeld verdiar og sikkerheit for huset men og for brukarar av huset.
     

  • Bord og stolar : Bord i festsalen finn ein bak i lokale. Stolane står i rom ved sida av scene og bak i salen. Stolar og bord skal ryddast tilbake der ein fant dei. Stolane skal stablast tilbake på stativet som går på hjul) Bord skal slås saman og setjast attende på vogn. Bord til 2 etasje står ved tekjøkken.
     

  • Størrelse på bord : 120 cm x 75 cm. Ein reknar 2 personar på kvart bord/4 om ein sit på kvar side.
     

  • Fjernkontroll for rullegardiner i Festsalen : Denne finn de på veggen ved sida av dei store vindauga.
     

  • Lerret scenen : Oppe på scenen finn de ein brytar («lysbrytar») på høgre side av scena/bak sceneteppe.
     

  • Lysekronar/lampettar/lys i Festsalen : Alt lys finn de i rom ved sidan av scena. Slå på hovudbrytar og styr lysa etter den er sett på.
     

  • Det er to inngangar/utgangar til kjøkken frå Festsalen.
     

  • Temperaturstyring Festsal : Temperatur skal stå på 16-20 gradar. Om det vert skrudd opp til høgare temperatur, må ein hugsa å skru ned att denne når ein er ferdig med lokala.
     

  • Ventilasjon Festsal : Det er eigen ventilasjon for Festsalen. Styringa for denne finn de på bakvegg på venstre side av scena. Om det er bruk for denne må ein og huske å slå den av igjen etter bruk. Den bråkar/susar litt, så dei fleste vil ikkje ha den ståande på ved til dømes akustiske arrangement.

    Leigetakar sine generelle plikter 

  • Den som står som leigetakar er ansvarleg for å gjere seg kjent med reglement og rømmingsvegar etter eigen instruks. Leigetakar har ansvar for rydding, at alle lys er sløkte og at alle dørar og vindauge er lukka og låst.
     

  • Eventuelle skadar eller manglar som vert oppdaga ved overtaking eller som skjer i løpet av bruken, skal omgåande varslast til utleigar. Leigar er økonomisk ansvarleg for skadar på bygg eller inventar/utstyr som skuldast uansvarleg behandling.

     

  • Leigetakar er ansvarleg for all bruk av deira utleverte brikke og må straks melde frå om brikka er komen på avvegar. 
     

  • Lokala og inventar skal behandlast med varsemd og skal forlatast i rett stand. Leigetakar pliktar melde skriftleg til utleigar om ein ikkje overtok lokale og inventar i rett stand. 
     

  • Lokale som er tildelt, skal berre nyttast i det tidsrom og til det formål som er søkt om ved utleige. Det er ikkje anledning til å ta i bruk andre lokale/anna utstyr enn det som er avtala. 
     

  • Gimle er eit alkoholfritt hus med alkoholfrie arrangement og leigetakar er ansvarleg for at dette vert overhalde. 
     

  • Røyking er forbode i heile bygget! Snus skal kastast i bosspann.
     

  • Alle dører og vindauge, også innvendige dører mot trappegongar, skal vera lukka ved arrangement med høgt lydnivå for å hindra unødige støyplagar for naboar. Arrangørar av konsertar og liknande arrangement plikter å gjere seg kjend med og overhalda gjeldande støyforskrifter.
     

  • Golv skal tørrmoppast/feiast, stolar og bord skal setjast i stativ. Søppel skal samlast i små bossposar og kastast i konteinar på øvre Korskirkealmenningen. Papp/papir og glas/flasker skal ta's med når de forlèt lokala.

  • For bryllaup med alkoholservering må alt av tomflasker/boksar/tomgods takast med ut av huset når arrangementet er ferdig.
     

  • Ordinært reinhald utover tørrmopping, feiing og reingjering av kjøkkenet er inkludert i leigeprisen. Ekstraordinært reinhald av lokala vert fakturert leigetakar. 
     


  • Brann og brannvern

  •  

  • Leigetakar pliktar setje seg inn i branninstruks for Gimle kulturhus. Leigetakar skal utpeike brannansvarleg for arrangementet. 
     

  • Den brannansvarlege skal før arrangementet gjere seg kjent med generell branninstruks og rømningsplan for bygget, og orientere seg om rømningsvegar og sløkkeutstyr.
     


  • Den brannansvarlege skal under arrangementet: 


    - Sørge for at det ikkje vert sett bord og stolar føre dørar eller nødutgangar


    - Sørge for at det ikkje er fleire personar i lokalet enn det er tillate

    - Sørge for at det ikkje vert gjort endringar på branntekniske og andre installasjonar
     

  • Ved evakuering skal alle møte ved minnesmerke framfor Korskirken. Det må gjerast ei oppteljing og ein må sikre at alle er komen ut av bygget.
     

  • Bruk av  stearinlys/telys, pyroteknikk, røykmaskin, anna røyk, open flamme, kakefyrverkeri, konfetti, glitterpynt og liknande er ikkje tillate. Ein kan nytta LED stearinlys/telys.

     

  • Peis kan ikkje fyrast i. Det kan brukast LED telys/stearinlys/kubbelys i peisen.                                                               
     

  • Det er IKKJE tillate å bruka frityr på kjøkken eller i lokala elles.
     

  • Kjøkkenet er eit serveringskjøkken (anretningskjøkken) og er ikkje eit produksjonskjøkken. Korkje avløp eller ventilasjon er dimensjonert for at ein kan lage mat frå grunnen av. Ein kan lage enkle ting som graut, supper, sausar, smørbrød og liknande. Annan mat må medbringast eller leverast frå cateringselskap.

     

  • Ved bruk av kjøkken, kokeplater, kaffitraktar og anna kjøkkenutstyr, skal dette vaskast opp og setjastattende i den tilstand det var ved overtaking. Kjøkkenbenkar skal vaskast over. Kjøkkengolv skal tørrmoppast og søppel samlast i pose og kastes.
     

  • Alt oppvask skal takast og setjast på plass.

                                                                       

bottom of page