Bryllup
- gimle2
- 10. juni
- 2 min lesing
Bryllaup i Ervingen Kulturhus- - Kva kan du forventa deg?
Her på Ervingen styrar de det meste sjølv. Dei fleste ønskjer å komma på ei synfaring lang tid i forkant og gjerne endå ein når den store dagen nærmar seg. Det kan vera greitt å ha med seg ei sjekkliste og gå over kva som finst på lokale og kva ein treng å ta med sjølv.
De har allereie teke imot informasjon og leigevilkår frå oss på e-post så de er godt førebudde.
Me har alt av dekkjetøy til minst 120 gjestar. Det vil seia: Middagstallerkenar, bestikk, kvitvinglas, raudvinsglas, sjampanjeglas, asjettar, vassmuggar, kaffikoppar og tefat.
I tillegg har me ein del serveringsfat og bestikk, blomstervasar og telyshaldarar.
(Merk: berre ledlys er tillete i lokalet)
På kjøkkenet har me industrioppvaskemaskin, stor kaffimaskin som traktar fem liter kaffi om gongen, god benkeplass, kjøleskap og ein liten frys.
Hjå oss kan de ha med dykk eigen mat og drikke.
Dei aller fleste brudepara som feirar her bookar festpakken som gir tilgang til lokalet fredag kl 16.00 for pynting og rigging. Me er på huset når de kjem og de får nøklar og kan stilla dei siste spørsmåla de måtte ha før de overtek lokalet for helga.
Me kan tipsa om bordplassering dersom de ønskjer det, men de står fritt til å gjera ting som de vil sjølv.
De kan alltid ringja oss på vårt faste nummer 943 78 727 dersom de står fast på noko undervegs. Etter klokka 16.00 blir telefonen sett over til ei helgevakt som er kjend på huset og kan hjelpa dykk med det meste. Dersom det ikkje kan løysast over telefon rykkjer vakta ut for å hjelpa.
Laurdag har de lokalet frå 08.00 og klokka 02.00 må musikken skruast av og gjestene må forlate lokalet. Søndag kan de rydda frå klokka 08.00 til 12.00. Bord og stolar skal tilbake der det stod, golvet skal tørrmoppast (ikkje vaskast) , boss, flasker og papp skal takast med ut av lokalet og nøkkelen leggjast på avtalt plass før de forlèt huset.
Så dersom du er ute etter å feira sentralt, men framleis ha fridommen til å skreddarsy ditt eige opplegg utan innblanding så er Ervingen Kulturhus staden for deg!
- Ver velkommen!

Comments