Jul i huset
- gimle2
- 22. des. 2025
- 2 min lesing
Det er noko spesielt med jul i eit bygg som har rokke å bli over 120 år. Her har det vore mang ei travel juletid med vasking og pynting, dekking av bord, staselege samlingar, song og dans.Kvart år arrangerer Bergen ungdomslag Ervingen julelagsmøte, der laga i organisasjonen møtest for ein koseleg kveld med graut og framføringar av det ein har jobba med i året som har gått. I tillegg er det julekonsertar, avslutningar av ymse slag og juletrefestar. Då må vi som jobbar her sørgja for at Juletreet har komme på plass i god tid. Treet vårt er 3,6 meter høgt og me må derfor langt opp i stige for å pynta det. Men det er noko eige å sjå den ærverdige salen med eit stort, flott og lysande pynta juletre. Denne jula har vi til og med ei bryllaupsfeiring på huset. Kanskje vi får noen fine bilder fra brudeparet i etterkant. Om du ikkje har fått det med deg så kan me også opplysa om at den 29. desember blir det halde "Meet and greet" med stjerner frå serien "Home and away" her på Gimle. Så dersom du er ein fan bør du sjekka ut facebook sidan "Home and away fans scandinavia". I skrivande stund er det 23 billettar igjen. I desse dagar, rett før jul roar det seg litt ned og me har sett i gang eit måleprosjekt i eitt av møteromma våre. Vi har besøk av blide, syngjande målarar som gjer arbeidsdagen på huset ekstra munter. Vi vil gjerne nytta høvet til å takka alle gjester som har vore innom oss i året 2025. Her har det vore mykje glede og aktivitetar som alltid. Så ser me fram til eit nytt år med nye moglegheiter på Ervingen Kulturhus!





Kommentarer