top of page

Haust på Ervingen

ree

Hausten på Ervingen kulturhus byr på fleire ulike aktivitetar. No har me nettopp huset Swingbrothers sin årlege swingfestival med deltakarar frå mange land. Live musikk og god stemning har prega heile helga. Den norske scene har hatt ei flott framsyning gåande i fleire veker, og innimellom har me hatt, og skal ha bryllaupsfeiringar, møte og seminar. I haustferien arrangerte Bergen Ungdomslag Ervingen kurs for barn og unge i gammaldans. Unge, flinke gutar frå Voss kom med toget kvar dag for å læra frå seg danseferdigheitene sine og det var verkeleg kjekt å sjå. Dersom du treng ein plass å arrangera noko, ikkje nøl med å ta kontakt så finn me den beste løysinga for arrangementet ditt.

 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentarer


bottom of page