Kulturhuset Gimle
Eit lite kulturhus med eit stort hjarte

Kulturhuset Gimle finn du sentralt i Kong Oscars gate 18 i Bergen sentrum. Vi har fleire møtelokale samt ein stor staseleg sal for større samlingar og feiring av store dagar
Oversikt over møterom :
Møterom 70 kvm - inntil 40 personar - 2. høgda
Møterom 50 kvm - inntil 30 personar - 3. høgda m/lite kjøken
Møterom 50 kvm - inntil 30 personar - 4. høgda
Storsal 300 kvm - inntil 150 personar - 3. høgda
Gimle rommar og eit større kjøkken i 3. høgda med dekkety for inntil 100- 150 personar.
Kulturhuset Gimle har moderne toalett, HC tilgang med rampe og heis. I tillegg er bygget nyleg totalrenovert og står no fram som nytt og moderne, samstundes som det har tatt vare på mykje av sitt historiske preg.
-----------------------
LITT HISTORIE
Gimle vart bygd i 1898 og kjøpt av Bondeungdomslaget Ervingen i 1915. Huset er oppført i mur i nyrenessanse stil og teikna av arkitekt Shack Bull. Det har adresse Kong Oscarsgt 18 i Bergen. Dette område er rekna som den sentrale delen av mellomalderbyen Bergen.
Huset vert i dag nytta av Bergen Ungdomslag Ervingen til aktivitetar innan folkedans, teater, kor, spelemannsgrupper og barnelag. De kan lesa meir om deira aktivitetar her : Bergen Ungdomslag Ervingen
Som mange andre ungdomslag har Bergen ungdomslag Ervingen eit aktivt lagsbruk. Det første lagsbruket, "Skytningsstova aat Ervingen" i Strandgaten 77, kom i gang i 1903. Sidan den gong har dei to tidlegare bondeungdomslaga drive ei heil rekkje ulike lagsbruk.
I dag er laget eigar av aksjeselskapet Ervingen Lagsbruk a/s, som er morselskap i eit konsern med fleire dotterselskap.
Dotterselskapa er Ervingen Kulturhus a/s, Hordaheimen a/s, og Ervingen Eigedom a/s. Desse selskapa har røter attende til 1920-talet, då båe dei to tidlegare bondeungdomslaga dreiv ulike forretningstiltak. Målet med lagsbruka har alltid vore todelt; å skaffe midlar til lagsdrifta og dei ideelle måla for laget og å profilere laget utad.
I dag er Ervingen Kulturhus eit selskap som eig og driv dei to kulturhusa i Kong Oscars gate : Gimle og Fensal. Målet med selskapet er å skaffe husrom til lagsaktivitetar og vere eit kultur- og aktivitetshus for amatørar og profesjonelle utøvarar i Bergen sentrum.